Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Mi side, faktura og mi eigedom

Mi Side

Ynskjer du å sjekke fakturaene dine frå Gol kommune sjølv, eller søkje om betalingsutsetjing av ei rekning?

Dette kan du gjere enkelt sjølv ved å logge deg inn med elektronisk ID på
Mi Side:

Mi side - innlogging

Tenesta gjeldt privatpersonar med fødselsnummer.
Verksemder kan kontakte kommuna enten på telefon eller e-post.

Besøkadresse er Gamlevegen 4, 3550 Gol
Telefon 32 02 90 00
E-post: postmottak@gol.kommune.no

Åpningstid på telefon og for besøk er måndag - fredag klokka. 09:00 - 15:00.

Slik sendar du faktura til Gol kommune

Fakturaer til Gol kommune skal som hovudregel sendast elektronisk i EHF-format
Elektronisk adresse: 964952612

Papirfaktura skal sendast til:

Gol kommune

Gamlevegen 4

3550 Gol

Gol kommune endrar måte å sende faktura på

Den nye løysinga inneber at alle fakturaer blir forsøkt sendt digitalt. Dette blir gjort for å effektivisere og å redusere kostnader.

Dersom du i banken har sagt «ja takk alle/automatisk e-faktura» på e-faktura vil du få fakturaen i nettbanken. Avtalegiro er det inga endring på.

Dersom du ikkje har e-faktura avtale, vil faktura bli sendt til Vipps dersom du har avtale om å ta imot faktura der.

Neste val er e-post dersom e-postadressa din er lagra i kundeopplysningane dine hos oss.

Dersom du ikkje har noko av dette, vil fakturaen bli sendt som papirfaktura i posten. Det vil då ikkje vere giroblankett på, slik som tidlegare. Dei av kundane våre som bruker brevgiro må derfor fylle ut giroen sjølv.

Her kan du sjå video som forklarer digital faktura for deg:

For firma

Dei som per i dag kan ta imot EHF-faktura vil ikkje merke nokon endringar.

Kan de ikkje ta imot faktura digitalt via EHF, vil faktura blir send til e-postadressa deira, dersom denne er lagra i kundeopplysningane hos oss.

Dersom faktura ikkje kan sendast verken som EHF eller på e-post, vil han bli sendt som papirfaktura i posten.

Min eigedom

På nettsida MinEiendom (eierinfo.no) kan du sjå data om feiing og tilsyn.
Har du fleire eigedommar i Gol kommune vil du få informasjon om kvar av desse.

Kanskje eiger du også eigedommar i andre kommunar? Ved innlogging i MinEiendom vil du også kunne finne dine eigedomar i andre kommunar. Dette avhenger av at desse kommunane har teke i bruk MinEiendom.

Du treng elektronisk ID for å logge inn, f. eks BankID, Buypass eller MinID.