Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kommuneplanen

Kommuneplanen består av samfunnsdel, arealdel og handlingsdel. Planstrategi for Gol kommune 2024-2027.

Kommuneplan for Gol 2011 - 2023

Gol kommunestyre vedtok tysdag 06.09.2011 - i sak K 038/11, revidert kommuneplan for Gol kommune.

Gol kommunestyre vedtok med heimel i lov om planlegging og byggesaksbehandling §§ 11-15 og 11-16, kommuneplanens arealdel 2011 – 2023. Kommuneplanen består av arealplankart og tilhøyrande føresegner datert 19.09.2011 i samsvar med møteprotokoll i kommunestyresak K 38/11, datert 06.09.2011.

Kommunestyrets vedtak om kommuneplan kan ikkje påklagast, jf. lov om planlegging og byggesaksbehandling § 11-15.

Unntatt frå rettsverknad, jf. § 11-16 er utviding av område K1 på Einarset.

Offentlege instanser og dei som har hatt innspel til planen vil motta eige kunngjeringsbrev om dette. Jf. PBL § 11-15.

I samsvar med § 15-1 har grunneigarar i visse tilfelle rett til å krevje innløysing etter vedtak av kommuneplanens arealdel.

Oppdatert plankart etter mekling med Fylkesmannen i Buskerud

Kommunedelplan for Gol tettstad 2006 - 2015

Vedtatt 05.09.2006

Kommuneplanens samfunnsdel 2018 - 2030

Gol kommunestyre har vedeke kommuneplanens samfunnsdel i sak K24/18 den 12.06.18.

Plan for naturmangfald 2023 - 2027

Gol kommune har vedtatt  kommunedelplan for naturmangfald i Gol kommune 2023 – 2027 i kommunestyret 6. juni 2023.

Plan for naturmangfald (PDF)