Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Kommuneplanen sin arealdel for Gol - nytt avgrensa offentleg ettersyn

Fristen for å kome med innspel til planforslaget er måndag 31. mars 2025.

Kommuneplanen sin arealdel for Gol er lagt ut til avgrensa offentleg ettersyn. Kommuneplanen er den overordna arealplanen som legg grunnlaget for den langsiktige utviklinga i Gol kommune utanom sentrum. Gol sentrum er omfatta av ein eigen plan som heiter Kommunedelplan for Gol tettstad.

Kvifor skal kommuneplanen ut på nytt offentleg ettersyn?

Kommuneplanen har ligge ute til offentleg ettersyn tre gongar tidlegare. Buskerud fylkeskommune hadde motsegn til det fyrste planforslaget, men har seinare trekt sine motsegn. Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus har framleis motsegn, og dette er årsaka til at planen må ut på eit nytt offentleg ettersyn. Formannskapet vedtok i møte 20. februar 2025 å gjere følgande endringar før nytt avgrensa offentleg ettersyn:

Kva endringar er gjort frå førre offentlege ettersyn?

Følgande område blir redusert:

Følgande område blir endra til LNF-formål:

Følgande område blir utvida:

Følgande område blir unnateke rettsverknad i påvente av mekling:

Følgande område blir endra til byggeområde og deretter unnateke rettsverknad i påvente av mekling:

Dersom du ønsker å kome med innspel til planforslaget må du gjere det skriftleg. Dei kan sendast per post til Gol kommune, Gamlevegen 4, 3550 Gol eller på e-post til postmottak@gol.kommune.no.

Fristen for å kome med innspel til planforslaget er måndag 31. mars 2025.

Dersom det er spørsmål eller kommentarar til planforslaget kan du gjerne ta kontakt med Sander Lilleslett på telefon 32 02 90 00 eller e-post postmottak@gol.kommune.no.

Plandokument

Sist endret: 10.03.2025