Kontakt oss Ledige stillingar Mi side

Frisklivssentralen treng fleire frivillige i trimgruppene

Bli frivillig i treningsgruppene “Sterk og Stødig” og “Trim og måltidsfellesskap”

Er du interessert i å gjere ein forskjell i lokalsamfunnet?

  • "Sterk og Stødig": Hjelpe eldre med å betre balanse og styrke gjennom enkle treningsøvingar. Bidra til å førebyggje fall og fremje aktiv livsstil. Ingen spesielle forkunnskapar krevst - opplæring vil bli gitt. Treningane er tysdagar kl. 14-15 på Gol idrettsarena. Det blir servert felles middag annakvar gong.
  • "Trim og måltidsfellesskap": Bli med på å skape ein sosial og hyggeleg atmosfære for eldre gjennom trim og felles måltid. Hjelp til med å tilretteleggje for enkle treningsøkter og servering av måltid. Ver ein del av eit inkluderande fellesskap som fremjar helse og trivsel. Treningane er torsdagar kl. 14-15 på Gol idrettsarena. Det blir servert felles middag kvar gong. Det er mogleg å få transport til og frå trening.

Kva vi tilbyr: Meiningfullt frivillig arbeid som gir glede og meistring. Moglegheit til å bli kjend med menneske og bygge nettverk. Opplæring og støtte frå erfarne instruktørar.

Interessert? Ta kontakt med Frisklivssentralen på tlf.nr: 47 01 05 83 eller e-post: friskliv@gol.kommune.no for meir informasjon og påmelding.

Bli med og gjere ein forskjell!

Sist endret: 10.03.2025